Kom på open gard på Soltun Besøksgard kl. 10-14!
Velkommen på open gard hjå oss!
Me har grisar med grisungar, hestar med føl, sau, høner, ender, gås, kalkun og kattane våre.
Kafeen er open med fersk bakst, vaffel, pølse, brus, juice, etc. I tillegg vil det være mogeleg å handle noko av gardsbutikken sine varer; som ost, spekepølse, plantar, egg, tørkede snittblomar, krydder og mykke meir!
Kjøring i hest og vogn foregår mellom kl. 10-13.
Inngongspris: 50 kr per person over 1 år, betalast med vipps i porten.
Kafeen/gardsbutikken tek kort eller kontant.
Velkommen til gards!