Adresse

Garnestangen 60, 5264 Garnes

Telefon

468 27 307
Sauens dag!

Open gard – Laurdag 09. Mai

Kom på open gard på Soltun Besøksgard kl. 10-14!

Velkommen på open gard hjå oss!
Me har grisar, hestar, sau med lam, høner, ender med andungar, og kattane våre.
Me feirar at sauane har fått komme ut på beite med lamma sine med sauens dag.
Det vert sal av gardens eigne lammepølser frå grillen.
Tilbod på fryste lammepølser frå garden.
Tilbod på saueskinn i varierte fargar.
Tilbod på Hosebånd av 100% norsk ull.
Bli med å feire alt det sauen gjer oss!
Kafeen er open med fersk bakst, vaffel, pølse, brus, juice, etc. I tillegg vil det være mogeleg å handle noko av gardsbutikken sine varer; som honning, spekepølse, egg, tørkede snittblomar, krydder og mykke meir!
Lionsclub er som alltid med og serverer noko godt ved gammen.
Køyring med hest og vogn foregår mellom kl. 10-13.
Inngongspris: 50 kr per person over 1 år, betalast med vipps i porten.
Kafeen/gardsbutikken tek kort eller kontant.
Velkommen til gards!

Link til Faccebook Arrangement: https://fb.me/e/67qyu5CMj