Adresse

Garnestangen 60, 5264 Garnes

Telefon

468 27 307

Om ossSoltun Besøksgard AS

Soltun Besøksgard er vidareføringa av Bergen undervisningsgård, også kjent som 4H gården på garnes. Garden eigast av Haraldsplass diakonale stiftelse og forpaktast av Andreas Gjerstad og Renate Ådland.

Me tilbyr sosiale tenester som arbeidstrening og dagtilbud til dagsenter. Det vil også være open gard med jamne mellomrom. Det er mogeleg å leige garden for ulike arrangement som bursdagsselskap, teambuilding med firma, samlingar for lag og foreningar, hundetreningar, etc.

0
Etablert
Ytterst på Garnestangen i Arna bydel i Bergen

HistorienGardsdrift sidan 1905

Ansatte påSoltun Besøksgard AS

Forpaktere

Andreas Gjerstad

Andreas Gjerstad er 27 år og kjem frå Votlo rett over fjorden fra Soltun. Han er utdanna Veterinær og lærar i naturbruk. Andreas er veldig glad i dyr og har ei spesiell interesse for hest. Plantar og hagebruk er også ei stor interesse og noko han ynsker å fordjupe seg meir i på garden. Han er også svært takknemmeleg for å få kunne dele sitt engasjement for plantar og dyr med alle besøkande på garden.

Renate Ådland

Renate Ådland er 27 år og kjem frå Haus rett over fjorden frå Soltun. Ho er utdanna annleggsgartnar og er spesielt interessert i det grøne arbeidet. Renate er eit skikkeleg arbeidsjern og er den som sørger for at dei daglege gjæremåla på garden vert utført. For Renate har også hest vert ein stor del av livet, og ho synest det er svært kjekt å få ha dei som nære kollegaer i det daglege arbeidet med folk på garden.

En stor takk til våreSamarbeidspartnarar