Utleige av garden
På garden står Arnagammen som er eit unikt og stemninsfyllt lokale med grua i midten som held god varme i bygget heile kvelden. Gapahuken er eit ope bygg som er ypperleg for grilling, men om du ynskjer annan mat har servicebygget gasskomfyr, kjøleskap, micro og kaffitraktar. Toalett er i kjellaren på gardens kafe, og det heile er tilgjengeleg med rullestol.
Når du bookar hos oss får du leige garden frå 15:00 til kl 01:00 på kvardagar og frå 09:00 til 01:00 på helgedagar. Du bestemmer sjølv kortid du vil anvende den, og dette avtalast på førehand. Arrangementet må avsluttast kl 01:00 og lokalet må ryddast/vaskast på kvelden før vertskapet dreg frå garden.
Prisar:
Grunnleige vekedag 2000,-
Grunnleige helg 3000,-
Grill m/kull 250,-
Hest og vogn 650,- opp til 14-16 personar
Hest og vogn 1300,- opp til 28-32 personar
Barneridning 650,- 10 barn
Barneridning 1300,- 20 barn