Velkommen til kurs i Valmuelamper!
Desse lampane vert meir og meir populære, og med god grunn! Dei er utruleg flotte og med eit uendeleg fargeval kan lampane tilpassasrt ein kvar heim.
Lampane krev ikkje mykje forkunnskapar og Bondekunstnaren tek dykk gjennom alle teknikkar, tips og triks for å få lampen til å bli det blikkfanget du ynskjer i din heim. Soltun stiller med alt av utstyr og matrial til å laga lampen. Dette inkluderer eit utval av pærer, lampeledningar og ikkje minst eit enormt utval av farga kreppapir slik at du finn den fargen du ynskjer til din lampe!
Kurset haldast i gardens kafe og det vert og ein lett lunsj med bakverk frå gardens bakeri!
Dato: Søndag 09.03.25
Klokkeslett: 11:00-16:00
Pris: 1950,-
Påmelding i kalender under: Du finn påmelding i kalendaren under der du fyller inn relevant informasjon for fakturering. Om du har nokre allergiar eller andre matbehov legg du ved ein kommentar på dette.
Påmelding er bindande med betaling i forkant av kurset.