Adresse

Garnestangen 60, 5264 Garnes

Telefon

468 27 307
IMG_20220907_151030

Hagevandring – Søndag 21. April

Hagevandring!

Etter me overtok Soltun i august 2022 har me etablert to store staudebedd på garden. Det eine beddet er eit skuggebedd inspirert av gamle «stumpery» med vår eigen gardsvri. Det andre beddet er designa etter skoghageprinsipp og er laga for å krevje lite vedlikehald og ha stor positiv innvirkning på insektar og fuglar i området. Det er sjølvsagt også nokre nye prosjekt på gang, så her er det mogeleg å få innsikt i heile prosessen frå ide til ferdigstilt hage. 

Hagevandringa vil starte utanfor magnarbu kl. 14:00 og vil avsluttast 14:45. Vandringa er gratis og krevjer ingen påmelding. Andreas vil fortelja engasjert om dei ulike designprisnippa som vert brukt på garden og kva han og Renate sin visjon for hagekulturen på garden er. Det vil sjølvsagt også være mogeleg å stille spørsmål undervegs.

Vel møtt!