Adresse

Garnestangen 60, 5264 Garnes

Telefon

468 27 307
Hagedag (1)

Hagedag – Søndag 21. April

Hagedag på Soltun Besøksgard!

Som ein del av kulturdagane i Arna arrangerer me på Soltun hagedag med aktivitetar for store og små. Me på Soltun er veldig glad i naturen og det som veks i den, og dette engasjementet er noko me ynskjer å dele med nærmiljøet vårt. Arrangementet startar kl. 11:00 og avsluttast kl 15:00. Kafeen vil være open heile arrangementet med vaflar, pølse, brus, juice, etc. Me vil ha utsalg av våre lokaproduserte prydvekstar og ikkje minst nyttevekstar. 

Har du ein staudeklump, ein stoveplante, ein stikling, eller har du rett og slett sådd for mange frø av ein sort? Då kan du ta det med deg på plantebyttemarknaden og bytte til deg noko du ikkje har. Dette vil foregå gjennom heile arrangementet på eige område, Sjå eige arrangement for meir info.

Det vert fleire aktivitetar og kurs gjennom dagen. Me vil ha spennande og engasjerande såkurs for born, hagevandring med fokus på berekraft, val av plantar og design, og til slutt oppformeiring av hageplantar med  stikling du kan ta med deg heim. Sjå eige innlegg om desse og meld deg på i kalendaren nedanfor.

Program 

Kl. 11:00-15:00 Planteutsal og open kafe
Kl. 11:00-15:00 Plantebyttemarknad
Kl. 11:30-12:00 Såkurs for born(påmelding i kalendaren under)
Kl. 12:30-13:30 Oppformeiring av Hageplantar(påmelding i kalendaren under)
kl. 14:00-14:45 Hagevandring


Meld deg på kursa her:

mai 2024
man
tir
ons
tor
fre
lør
søn
29
30
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
1
2