Soltun tilbyr gardsevent med kjekke konkurransar for firma og større grupper
Eventet startar med ei omvisning på garden der de får helsa på elle dyra og bli litt betre kjend med Soltun Besøksgard. Deretter gjer me oss klare for konkurransar og delar inn i grupper. Me tilpassar konkurransane til kvar gruppe og kan forløpig tilby mjølkespannhalding, øksekast, hesteskokasting og gardsquiz, eller eigen tilpassa quiz til gruppa.
Når konkurransane er over vert det bålkos i gammen og eventuelt mat om de ynskjer det. Maten ordnar de sjølv og det er mogeleg å leige grill, bestille catering eller benytte seg av servicebygget med komfyr, kjøleskap, micro og kaffitraktar.
Eventet har eit minimumstal på 12 personar. Pris per person: 750,- Dette inkluderar leige av gamme, gapahuk, servicebygg og toalett, omvisning på garden og gardskonkurransane.
Gammen stenger kl 01:00.