Soltun BesøksgardGardsbutikk
I det fine kvite huset som ein gong var eit moderene stabbur på Soltun har me no gardsbutikk med kafe. Den er open kvar tysdag mellom kl. 12-18 og på opne gardar!
Her finn du Jane som alltid lagar fersk bakst av økologiske råvarer. Vil du ha reine heimelaga brød, eit ostehorn eller rett og slett ein av hennar fantastiske bollarmå du rett og slett ta turen innom oss ein tysdag. Garden har ein nydelig tursti rundt neset som er ein fin luftetur førein kan ta seg noko godt i kafeen.
I butikken sel me eigenproduserte grønsaker, krydder, te, kjøtt, snittblomar og mykje meir. Utanom dette tek me inn lokalproduserte og økologiske varer som spekepølse og geiteost frå Osterøy ysteri, eplemost og sider frå Aga, økologisk mel og oljer frå Hollimølle og mykje meir!
Velkommen til Gards!


Gardsegg

På garden har me lykkelege hagehøns som legg nydelege egg i eit mangfald av fargar! I tillegg til høns har me løpeender som legg mykje egg, desse er fantastiske til baking og meir næringsrike enn hønseegga!
Handlaga produkter

Me ha handlaga produkter av Bondekunstnaren som lagar kunst til dekorasjon og nytte, inspirert av natur, tradisjon og gardslivet.
Ferske grønsaker

I sesong har me ferske grønsaker rett frå åkeren for salg i butikken. Me dyrkar over 35 sortar grønsaker utan sprøytemiddel og i tråd med natur, bærekraft og miljø.
Aga Sideri

I butikken finn du nydeleg eplemost og alkoholfri sider frå Aga sideri i hardanger
Osterøy ysteri

Osterøy ysteri driv med geit og villsau. I butikken finn du spekepølse av geit, Rein geitost frå stølsgeiter og nydelege skinn av både sau og geit. Gjort på gamlemåten på naturen sitt vis.
og mykje meir...

Me lagar alltid noko nytt av dei ressursane me har tilgjengeleg. Føl med oss på facebook for å sjå kva me finn på!