Dyra på Soltun
Me har mange forskjellege dyr her på Soltun, me har hestar, sauer, katt, grisar, hund, ender, kalkun og høner. Her kan du lese meir om dei ulike dyra og bli meir kjend med dei.
Sølvi
Sølvi er ein av dei 4 hestane til Soltun Besøksgard, og ho er ein av dei hestane me eig. Ho er 11 år gamal og er av rasen dølahest. Dølahest er ein av dei 3 særnorske hesterasane og det er litt lite igjen av denne rasen. Difor er det viktig at me tek vare på denne rasen og at hSølvi får nokre føll i løpet av livet sitt. Sølvi kan både trekkje vogn, tømmer og anna gardsutstyr i tillegg til å kunne bli ridd på.




Askongen
Askongen er den eldste av dei 4 hestane me har på garden og er heile 19 år gamal. Dette er ein av hestane me låner på Soltun og den heldige eigaren av Askongen er Gunvor Bysheim. Me synes Askongen er ei skikkelig fin hoppe, og det er det ikkje berre me som synes. Askongen har nemleg fått 1. premie og stilt som nummer 1 i kvalitet på utstilling. Det vil sei at ho er like fin utanpå som inni. Ho er eit skikkelig arbeidsjern og er førstevalget når me skal trekka noko tungt på garden, og av og til kan jo transportvogna vår verte skikkelig tung også. Når Askongen er ute å jobbar likar ho aller best at det går litt fort, men ho er godt nok oppdratt til at ho venter til ho får lov. Askongen kan både ris på og køyrast med, men på åpen gard går ho som oftast i barneridningen sidan ho er så snill. Askongen er også drektig og vil forhåpentlegvis få eit føll til våren, dette gler me oss masse til.
Vilja
Vilja er den yngste av fjordhestane på garden. Hun elsker kos og er supersosial av seg. Vilja er ei hoppe som vil være der da skjer, hun elsker å drikke rett fra hageslangen og er ei frøken med masse personlegheit. Vilja er påbegynt innridning og tar dette på strak hov.




Eira
Eira er ei fyrste premiert fjordhoppa som garden er så heldig å få låna av Jonas Vevle og Janne Seilen. Eira er ei trygg og god hoppa som me på garden har blitt veldig glad i.
Milo
Me har tre katter på garden. Lano som er datter til Milo og Karse som er tilflytta.
Milo er den eldste og den som har vært her lengst. Ho er ein veldig liten og søt katt og er av typen skipskatt som du kan sjå ved at ho har ekstra tomlar på føtene sine. Om det er dette som gjer ho til ein så god jegar det veit me ikkje, men ho fanga uansett rotter på størrelse med seg sjølv. Milo er ein veldig oppmersomheitssjuk katt og er alltid med oss når me forar dei andre dyra på garden. Då vil ho enten ha kos eller mat, og det virker ikkje som det er så nøye kva ho får, så lenge det er ein av delane. Milo går alltid laus her på garden så me har lite kontroll på ho når det er open gard, så vil du helsa på Milo kan det godt vera at du må leita litt.




Hønene
På soltun har me mange høner og fleire blir det. Hanane passar på alle hønene og galer i tide og utide for å gi beskjed om at det skjer noko på tunet. Dei er alle svært sosiale og et gjerne god frømiks rett fra handa. Dei veit ikkje heilt forskjell på frø og hand alltid, så ein hanske kan være lurt. Om me prøvar å plukke dei opp, løper dei berre vekk, men om du sitt med mat på fanget kkan det godt være høna hopper opp for ein matbit.
Hønene våre er flittige arbeidarar og lagar god kompost til oss heile året. Dei har fått store mengdar øydelagt fôr og lauv som er svært karbonhaldig. Dette kastar dei rundt på jakt etter frø, mark og andre insektar, samtidig som dei besjer i det. På denne måte tilførar hønene oksygen og nitrogen til matrialet og det vert nydelig kompost til både Marknadshagen og prydbedda på garden.
Grisane
Her på Soltun er det grisane som gjer det tyngste arbeidet på garden. For øyeblikket står dei framfor bolighuset på garden og pløyer jorda slik at me kan dyrka grønsaker der. Det varierer litt kor mange grisar me har her på soltun, og dette er fordi at me slaktar nokre grisar kvar vinter til met her på garden. Slik det er no, er det Knut, Laila, Ronny, og Gudrun som er ute å jobbar i åkaren. Grisane har eit heilt eige språk og lagar veldig mange forskjellege lydar, den me høyrer best her til kvardags er når dei skrik etter mat. Utenom dette er det vanskjeleg å forstå kva dei sei, kanskje du kan prøve å forstå kva dei sei til deg neste gang du er på open gard?




Endene
På garden har me løpeender og en gås som passer på at andeflokken ikkje blir angrepet av råvdyr. Enda er både rare og morsomme å se på, dei er nåken sjarmerande skapninger.
Sauane
Saueflokken med Shropshire består foreløpig av 5 sauar som kom til garden hausten 2022. Dette er ein mindre vanleg rase i Noreg og kjem ifrå England. I Noreg vert den i hovudsak brukt til økologisk juletredyrking. Dette er fordi dei ikkje et bark eller barnål og rydder berre graset rundt trea og dei får vekse seg tette og fine. For oss her på Garden gjær det at me kan ha sauane i Kyrreparken på vintaren utan å beskytte trea våre med plast. I tillegg er dei utruleg søte med sitt svarte fjes og tett ullvekst i ansiktet. Ulla er faktisk kjend for å vere veldig haldbar og gi eit garn som held spensten lenge og gjer ei unik isoleringsevne. No når væren har kome på besøk, håper me sjølvsagt at flokken vert større til sumaren.




Væren 2023
August




Kalkunane
Me har tre kalkunar her på garden. Ein mann og to damer. Dette er flotte men rare fuglar, når me kommer med mat kommer dei løpande og spiser rett frå hande om dei kan.