Adresse

Garnestangen 60, 5264 Garnes

Telefon

468 27 307

Dyra på Soltun

Me har mange forskjellege dyr her på Soltun, me har hestar, sauer, katt, grisar, duer, hund og høner. Her kan du lese meir om dei ulike dyra og bli meir kjend med dei.

Frøya

Frøya er ein av dei 4 hestane til Soltun Besøksgard, og ho er den einaste hesten me eig. Ho er 8 år gamal og er av rasen fjordhest eller fjording om du vil. Frøya kan både trekkje vogn, tømmer og anna gardsutstyr i tillegg til å kunne bli ridd på. Når Frøya ikkje oppfører seg eller finn på rampestrekar så kallar me ho for Frøydis. Men Frøya er i utgangspunktet ei veldig snill og grei hoppe og det er ikkje ofte ho finn på rampestrekar. Frøyas favorittrampestrek er å putta ting i munnen, og då skal det helst være tøyler eller leietau…

Askongen

Askongen er den eldste av dei 4 hestane  me har på garden og er heile 17 år gamal. Dette er ein av hestane me låner på Soltun og den heldige eigaren av Askongen er Gunvor Bysheim. Me synes Askongen er ei skikkelig fin hoppe, og det er det ikkje berre me som synes. Askongen har nemleg fått 1. premie og stilt som nummer 1 i kvalitet på utstilling. Det vil sei at ho er like fin utanpå som inni. Ho er eit skikkelig arbeidsjern og er førstevalget når me skal trekka noko tungt på garden, og av og til kan jo transportvogna vår verte skikkelig tung også. Når Askongen er ute å jobbar likar ho aller best at det går litt fort, men ho er godt nok oppdratt til at ho venter til ho får lov. Askongen kan både ris på og køyrast med, men på åpen gard går ho som oftast i barneridningen sidan ho er så snill. Askongen er også drektig og vil forhåpentlegvis få eit føll til våren, dette gler me oss masse til.

Flisa

Flisa er ein av dei hestane me lånar og eigaren til Flisa er Thomas Børtveit. Ho er ein kaldblodstravar, og den einaste av dei 4 hestane me har på garden som ikkje er fjording. Det vil ikkje sei at ho er noko mindre god av den grunn! Flisa er 16 år gamal og har tidligare gått travløp slik dei fleste kaldblodstravarane gjer i løpet av livet. Kaldblodstravarar kan ikkje gå løp etter dei er blitt 16 år gamle, men Flisa vart pensjonert mykje tidlegare enn dette. I løpet av sin karriere tjente Flisa 253 709 kr og det er rart å tenke på når du treffer ho no og ho er ein så rolig og snill hest. Flisa kan også bli ridd, men på open gard trekjer ho som oftast vogna.

Stella

Stella er ei fjordhesthoppe på 10 år og er ein av dei 4 hestane me har her på garden. Stella er også ein av hestane me lånar og eigaren til Stella er Amanda Teigland. På bilete har stella med seg føllet Odel som nokon kanskje hugsar frå hausten 2022. Ho har også eit føl i magen no som forhåpenlegvis kjem ut til våren. Stella er ei veldig god avlshoppe og har fleire flotte føl som gjer det svært godt på utstillingar. Sjølv er ho 2. premiert og stilt som nummer 1 i kvalitet noko som også er veldig bra. På open gard går stella i barneridningen og ho er veldig snill og kosete. Ho kan også bli køyrd, men synes ikkje det er så kjekt å trekka den støste vogna, så ho går heller med ein av våre litt mindre vogner når me trenar i kvardagen. Etter stella er ferdig med barneridningen på open gard er ho veldig glad i å få kos av dei som står ved gjerde på luftegarden til hestane og då synes me ho er veldig søt!

Milo

Milo er foreløpig den einaste katten på garden. Ho er ein veldig liten og søt katt og er av typen skipskatt som du kan sjå ved at ho har ekstra tomlar på føtene sine. Om det er dette som gjer ho til ein så god jegar det veit me ikkje, men ho fanga uansett rotter på størrelse med seg sjølv. Milo er ein veldig oppmersomheitssjuk katt og er alltid med oss når me forar dei andre dyra på garden. Då vil ho enten ha kos eller mat, og det virker ikkje som det er så nøye kva ho får, så lenge det er ein av delane. Milo går alltid laus her på garden så me har lite kontroll på ho når det er open gard, så vil du helsa på Milo kan det godt vera at du må leita litt.

Hønene

På soltun har me mange høner og fleire blir det. Hanane passar på alle hønene og galer i tide og utide for å gi beskjed om at det skjer noko på tunet. Dei er alle svært sosiale og et gjerne god frømiks rett fra handa. Dei veit ikkje heilt forskjell på frø og hand alltid, så ein hanske kan være lurt. Om me prøvar å plukke dei opp, løper dei berre vekk, men om du sitt med mat på fanget kkan det godt være høna hopper opp for ein matbit. 

Hønene våre er flittige arbeidarar og lagar god kompost til oss heile året. Dei har fått store mengdar øydelagt fôr og lauv som er svært karbonhaldig. Dette kastar dei rundt på jakt etter frø, mark og andre insektar, samtidig som dei besjer i det. På denne måte tilførar hønene oksygen og nitrogen til matrialet og det vert nydelig kompost til både Marknadshagen og prydbedda på garden.  

Grisane

Her på Soltun er det grisane som gjer det tyngste arbeidet på garden. For øyeblikket står dei framfor bolighuset på garden og pløyer jorda slik at me kan dyrka grønsaker der. Det varierer litt kor mange grisar me har her på soltun, og dette er fordi at me slaktar nokre grisar kvar vinter til met her på garden. Slik det er no, er det Knut, Laila, Ronny, og Gudrun som er ute å jobbar i åkaren. Grisane har eit heilt eige språk og lagar veldig mange forskjellege lydar, den me høyrer best her til kvardags er når dei skrik etter mat. Utenom dette er det vanskjeleg å forstå kva dei sei, kanskje du kan prøve å forstå kva dei sei til deg neste gang du er på open gard?

Duene

Her på garden har me mange duer. Det er ikkje alltid duene er ute å flyr på open gard, men om dei er det er det nesten altoppslukande å følgje med på dei. Er du heldig tek også tumlarane ein salto i lufta, dei er ikkje dei raskaste flygarane, men definitivt dei mest akrobatiske.
Duene brukast ellers til å trene opp fuglehundar for jakt. Dei vert ikkje teke liv av slik mange trur når me fortel dette, men dei vert satt i små bur som har ein egen fjernkontroll. Når fuglehunden er ute å leitar etter dua og får ferten av ho stillar den seg opp på avstand for å signalisere til eigaren at «her fann eg noko». Når dette skjer sleppast dua fri og flyg heim att og hunden må lære seg å sitte i ro mens dette skjer. For duene er dette god flukt trening, som er veldig viktig om hauken skulle kome på besøk, noko han gjer innimellom. På denne måten har me duer som sjaldan vert angrepen av hauk.

Sauane

Saueflokken med Shropshire består foreløpig av 5 sauar som kom til garden hausten 2022. Dette er ein mindre vanleg rase i Noreg og kjem ifrå England. I Noreg vert den i hovudsak brukt til økologisk juletredyrking. Dette er fordi dei ikkje et bark eller barnål og rydder berre graset rundt trea og dei får vekse seg tette og fine. For oss her på Garden gjær det at me kan ha sauane i Kyrreparken på vintaren utan å beskytte trea våre med plast. I tillegg er dei utruleg søte med sitt svarte fjes og tett ullvekst i ansiktet. Ulla er faktisk kjend for å vere veldig haldbar og gi eit garn som held spensten lenge og gjer ei unik isoleringsevne. No når væren har kome på besøk, håper me sjølvsagt at flokken vert større til sumaren.

Væren 2023

August

Leah

Leah er ikkje ein av besøksdyra våre, men ho bur ilag med Renate og Andreas. Ho er ei 6 år gamal tispe og er av ukjent blandingsrase. Renate tok til seg Leah når ho var liten då eigaren desverre ikkje hadde kapasitet til å ta vare på ho lenger. Leah er veldig snill og roleg i utgangspunktet, men kan verte litt engsteleg med nye menneskjer og dyr. Difor er ikkje Leah med ut når med har open gard.