Vil du ha mogelegheita til å motta ferske, lokalproduserte, usprøyta og berekraftige grønsaker? Bli andelsbonde på Soltun Besøksgard!
Som andelsbonde på Soltun Besøksgard vil du få ti kassar med lokalproduserte grønnsaker gjennom sesongen. Desse leverast/haustast annakvar veke og inneheld et breidt utval grønsaker. I tillegg er du med på å bidra til økt biologisk mangfald og ein meir berekraftig grønsaksproduksjon som tek vare på naturens resursar. Andelslandbruket er også med på å gje menneskjer ein kjangs til å komme tilbake i arbeidslivet gjennom Soltuns daglege virke med arbeidstrening.
Andelslandbruk er eit samarbeid mellom forbrukar og bonden. Ansvar, risiko og avling blir delt mellom andelsbøndene og saman gjer me lokalsamfunnet vårt litt grønare eit år om gangen! Andelsbøndene betalar for sine andelar i starten av året og for dette får dei sin andel av produksjonen gjennom sesongen. Som andelsbonde er du med på å påverka kva som skal dyrkast frå år til år. Sesongen 2023 er allereie planlagt og me lovar ein stor variasjon av tradisjonelle grønsaker og i tillegg noko nytt og spennande som kan prøvast ut innimellom. I årets dyrkingsplan er det lagt opp til 10 leveransar av grønsaker frå juni til november. Som andelsbone vil du også få rabbaterte prisar på gardens ulike hagebrukskurs gjennom året.
Me har ingen krav om dugnadstimar, men legg opp til regelmessige dugnadsdagar og sosiale arrangement gjennom året som me oppfordrar andelsbøndene til å delta på. For “andelsbonde sjølvhaustar” vil det være to dagar tilgjengeleg for hausting per periode, der me vil være til stades for rettleiing og informasjon om kva som kan haustast.
Bli Andelsbonde!
Andelsbonde Sjølvhaustar
Du haustar grønsakene din sjølv i løpet
av to haustedagar annakvar veke.
Pris 4500,- per år
Andelsbonde Grønsakskasse
Du hentar ferdighausta grønsakskasse
annakvar veke.
Pris 5000,- per år
Meld deg inn ved å sende mail i kontaktskjema under med;
Namn:
Adresse:
Tlf:
E-post:
Type Andelsbonde: